Vi gratulerer Guro Kristine Hågvar som vinnar av teiknekonkurransen vi har hatt i vår! Ho får teikninga si på T-skjortene til Kulturskulens dag, og i tillegg skal ho få ein fin premie. Den skal overrekkjast ved høve.

Det kom inn så mange flotte bidrag til konkurransen at juryen hadde ei svært vanskeleg oppgåve då dei skulle velja ut ein vinnar. Teikninga måtte også vera mogleg å få trykt på ei T-skjorte.  Til sjuande og sist vart det Guro Kristine sitt bidrag som vann, både fordi den var fin, gøyal, original og hadde med mange element som passa med kva kulturskulen handlar om. I juryen sat Henrik, Marianne, Marin og Kari. 

Alle desse flotte bidraga som kom inn burde vi ha laga ei kunstutstilling av. Det var verkeleg mange kreative, fargerike og spennande teikningar. For nokre dyktige kunstnarar vi har rundtom i kommunen vår. Vi er veldig glade for at så mange hadde lyst til å delta. 

Hipp hurra for den fine T-skjorta vi får laga. På kulturskulens dag skal alle elevane som bidreg ha på seg ei slik, også Storekoret som består av elevar frå mange skular i Sogndal kommune.