Kven er vi?

Sogn kulturskule er ein interkommunal kulturskule. 

Vi er eit kompetansesenter for fleire ulike formar for kunst og kultur!

Gjennom vår opplæring i Sogndal og Luster gir vi opplevingar for både elevane og lokalsamfunnet.

Ein kulturskule for alle!

Kva vil vi?

Vi vil vere ein kulturskule med plass til alle, uansett alder og nivå.

Vi vil at alle våre elevar skal oppleva meistring. 

Dei skal gi og få kulturelle opplevingar som skapar glede og minne for livet. 

Kulurskulen ynskjer å tilby eit variert tilbod med høg kvalitet på alle område. 

Korleis er lærarane våre?

Lærarane våre har mykje kunnskap på sine fagfelt, og skal vere støttande og motiverande.

Dei skal skapa tryggleik og leggje til rette for god utvikling for den einskilde elev. 

Våre lærarar er nyfikne, har høg kompetanse og ynskjer å yte sitt beste for elevane og det lokale kulturlivet. 

Korleis er elevane våre?

Vi ynskjer elevar som er interesserte, søkjande og opne for ny kunnskap.

 Dei ynskjer å utvikle seg og skapa opplevingar, både med kvarandre og publikum.

Elevane skal føle seg heime og sett hjå oss.

Vi ynskjer at dei skal oppleve kunstnarleg glede, uansett ambisjonsnivå.