I helga var det Vestlandskappleiken 2026 på Skei. Folkemusikkentusiastar frå heile Vestlandet deltok i konkurransar i spel, song og dans, og hadde det kjekt med å leika seg på dansegolvet. Fredag var det opning. Oda og Kari frå Sogn kulturskule fekk æra av å opna heile arrangementet med ein minikonsert. Deretter braka det laus med tevlingar og dans utover kvelden. 

Ordet “Kappleik” er kan hende ikkje like kjend for alle? Kappleik er konkurranse i folkemusikk/dans, og ikkje ein konkurranse i å springa fortast. På grunn av ei lita misforståing var det nokon som lurte på kva tid vi skulle ha kappløp? Heldigvis vart dette oppklara før Krudlalaget kom på scena. Vi skulle syngje!

Laurdag var det minikappleik (for ungar opp til 12 år) der både Krudlalaget song, fleire av dei song “solo” (aleine): Live Magdele, Grete, Johanna, Frida og Sandra, og Ela stilte på solo fele. Amanda stilte også opp i solo song. Som de kan sjå på bileta var det ein flott gjeng som hadde pynta seg fint for høvet. På minikappleik får alle diplom og premie. Etter minikappleiken var det samdans for deltakarane der vi fekk prøva oss på både springar og halling. Både Oda og Kari stilte på kappleiken i sine klassar, og Oda spelte både på kappleik og til dansespel med fleire lag (Fjelljom og Sogn/Jostedalen) i tillegg til å danse lagdans. Ho hadde ei skikkeleg travel helg! Bli med på kappleik om du får høve til det. Det er skikkeleg kjekt!

 

For å sjå resultatlister besøk:

https://www.folkemusikklaget.no/resultatliste.581239.nn.html?fbclid=IwY2xjawUx3JxleHRuA2FlbQIxMABwZG9mAWJyaWQRMTVwdmxjVzlUcFN5cmVVV1lzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEe_qTHLdin4dqzkEliXN-gWVr5Nnds73KBHxdcqPEDf7ejVMcdcEHhP7E1fSU_aem_bbdv3vxItDa4sZIT09QuOg