Kulturskulen tilbyr eit kor-tilbod for tweens-aldersgruppa (4-7.kl).
Vi ser stor verdi i å synge saman med andre, og håpar at eit slikt tilbod kan vere både til motivasjon og glede for elevane våre!
Dette tilbodet kan både vere eit tillegg til individuell songundervisning, men er også eit tilbod for alle som likar å synge!
Tweenskoret blir leia av songpedagog Sissel Marie Frøyland, og ho ynskjer å skape ein trygg arena med fokus på å lære og bruke stemma aleine og i lag med andre. Gjennom songglede, fellesskap og ein leikande tilnærming vil koret jobbe med tekniske element som klang, pust, haldning og gehør.
Er dette noko for deg? Meld deg på!
Om du lurer på noko ta kontakt med Sissel Marie Frøyland på 48 12 52 79 eller sisselmfroyland@gmail.com.