Vi håpar alle vil koma på konsert i Sentrumsparken i Sogndal 30. mai kl. 14!
Med på konserten har vi eit kjempestort kor, Storekoret, med elevar frå mange av skulane i kommunen. Solistar med koret vert Olav Stedje og Einar Bolstad. I tillegg får du høyra mange ulike instrument i solo og samspel. Krudlalaget kjem, Tweens-koret og Show-koret deltek, og vi har fleire ulike grupper med elevar (og lærarar) i samspel på både song og instrument. Dette vert kjekt!
For elevar som vil øve på Storekor-songane heime kan dei gå inn på denne linken.
Håpar de vil vera med og ha det gøy og syngja med oss! Vi ynskjer masse allsong på songane: Ein nordmann sin draum, Sogn og Fjordane og Badebussen!
