
På Kulturskulens dag er det alltid konsert, og 30. mai 2026 var ikkje noko unntak. Konserten starta med dei aller yngste og søtaste elevane vi har: Krudlalaget. Det var omlag 30 ungar som deltok. Dei song sjølvsagt nokre av dei tradisjonelle songane frå regionen vår. Alle hadde på T-skjorter.
Vi i kulturskulen tenkte i haust at vi har så lyst til å slå eit slag for songen i samfunnet, og kom difor på ideen med å invitera alle skulane i Sogndal og Luster kommunar til å vera med på å laga eit stort kor, og så finna nokre fine songar med lokal tilknyting og få med oss nokre kjende og gode solistar. Olav Stedje er sjølvskriven i Sogndal, så vi er veldig glade for at han takka ja. Einar Bolstad er ein tidlegare elev i Kulturskulen, og vi er også svært begeistra for han. Sjølv om han hadde anna oppdrag same dagen så hadde han heldigvis tid til å vera med. Tweens-koret i Sogndal og Showkoret på Kaupanger vart også med på å øva og læra songane litt ekstra godt. Då lærarane i Kulturskulen var ute i skulane i vår øvde vi på songane med alle elevane, og skulane hjalp oss med å få invitasjonane ut til foreldre og elevar. Takk!
Einar Bolstad song den flotte “Sogn og Fjordane-songen” med tekst av Ottar Wiik. “Her står me små og store, synge i same koret”. Ein meir passande tekst kan ein ikkje finna. Og Olav Stedje stemde i med “Ein Nordmann sin draum”. So moro. Til slutt tok vi ein hoppande glad versjon av “Badebussen” til Kjartan Lauritzen, der nokre av songarane i kulturskulen var forsongarar. Vi fekk masse applaus av eit nydeleg publikum. Både Olav og Einar vart nok litt rørt av å høyra det flotte barnekoret.
Etter denne kanon-opninga var det duka for mange andre elevar både solistar og ensemble. Om de kikkar på bileta nedom her kan de få sjå noko av det som var med. Både tøffe band, vakre tonar frå fløyte, saksofon og piano, samspel på strykeinstrument og enno større orkester av ulike samansetningar fekk plass. I år har vi vore særskilt opptekne av at alle elevar bør få oppleva samspel med andre, uansett kva nivå dei er på. Ein kan læra så mykje av samspel med andre som ein ikkje kan tileigna seg aleine på øvingsrommet. Vi hadde samspel med “Idas sommervise” og “Her kommer Pippi Langstrump”, mellom anna. Vi fekk høyra to kjempekule band: jentebandet Tangled wires med “Since u been gone” og eit rocka guteband med “Unchained”. Ei gruppe med strykarar spelte ei fransk folkevise og “Alle fugler”. Nokre messingblåsarar spelte “Tears in Heaven”. I Kulturskulen har vi fleire etablerte kor og grupper som ein kan søkja seg inn i, mellom anna Krudlalaget, Showkor på Kaupanger, Tweens-kor i Sogndal, Rockeband, Strykeorkester og blåseinstrument. Nokså mange av elevane våre er også med i Sogndal skulemusikk eller Leikanger skulemusikk, korps her og der og rundtomkring, og fleire dirigentar jobbar i Kulturskulen. Men det finst også elevar som berre har speletime heilt aleine med lærar. Det er utruleg gøy og lærerikt å spela og syngja i lag med andre, og oppleva å få til noko i lag, så dette må vi ha meir av!
Heilt til slutt i konserten kom “I Dovregubbens hall” som vi har øvd på kvar for oss, for så så setja saman. Dette arrangementet er ein del av eit nettbasert verktøy for musikkskular som skal vera tilpassa ulike elevar. Ein kan få notar og video som hjelp til å øva heime, og så kan ein setja saman alle til eit stort orkester til slutt. Creativearrangements heiter dette verktøyet og det har vore veldig spennande å testa det ut.
Tusen takk til alle elevane, alle foreldre, familie og venner som møtte opp, Øyre lyd, Einar og Olav, Bandet som Henrik hadde tromma saman, lærarane og leiinga i kulturskulen og ALLE som hjalp til. De er heilt fantastiske!




















