Helga 21.-22. Mars kom endeleg konserthelga for eit prosjekt Tweens-koret har jobba med i fleire månader. I lag med Sogndal skulemusikk og Leikanger skulemusikk har musikk av artisten Aurora stått i sentrum. Tweens-koret var med på tre songar: Runaway, The Seed og Conqueror, og i tillegg song dei Emmylou av First aid kit. Korpsa spelte også noko utan kor. Aspirantar deltok på nokre av konsertnummera.
Laurdag 21. mars jobba vi mange timar på øving med å få sydd saman alle stemmer og instrument til ei eining av ord og tonar. Det vart servert pizza, saft og frukt. Søndag 22. mars møttest vi på Leikanger i Statens hus for generalprøve og konsert. Dette var veldig kjekt å vera med på. Etter konserten fekk vi mange lovord og nokon hadde til og med fått tårer i augene då Tweens-koret song.
Dirigentane: Lena Skjerdal, Hans Mark Svedal og Kari Malmanger var skikkeleg nøgde med dei fantastisk flinke musikantane sine! Takk også til alle foreldre og gode hjelparar som bakte, rigga, rydda og støtta opp på alle måtar.




