Måndag 4. mai hadde vi tredje og siste huskonsert for dette semesteret. Tidlegare har vi hatt huskonsertar på ensemblerommet i 3. etasje, men med mykje folk vart det litt varmt og fullt der. Denne gongen var vi så mange at scena i storsalen vart arenaen. Alle måtte ta med seg pute å sitja på, og for dei med behov for det sette vi fram nokre stolar. Dette vart ei skikkeleg koseleg stund. Dei som hadde reist lengst var rockegitaristane frå Jostedalen, men vi fekk òg høyra songsolistar, fele, fløyte, klarinett, saxofon, akustisk gitar og kor. Det var både variert og vakkert.
Huskonsertar har vore kjempekjekt og populært og er eit konsept vi kjem til å halda fram med på kulturskulen. Det er viktig å øva på å opptre i litt uformell samanheng og kjekt å syna fram noko av det vi har øvd på. Hurra for alle dei kjekke og flinke elevane våre.








