Sogn kulturskule går inn i eit stort jubileumsår. I år markerer vi både at det er 40 år sidan kulturskulen starta i Sogndal, og at vi har vore interkommunal kulturskule i 20 år.
Jubileet handlar ikkje berre om å sjå tilbake, men også om å feire alt det kulturskulen er i dag, og det vi skal skape vidare saman. Gjennom 40 år har kulturskulen vore ein viktig møteplass for barn og unge. Her har generasjonar fått høve til å lære, utforske og utvikle seg, og til å oppleve gleda ved å skape og uttrykkje seg gjennom musikk, dans og andre kunstformer.
Det interkommunale samarbeidet dei siste 20 åra har gjort det mogleg å byggje eit sterkare og breiare kulturskuletilbod for barn og unge i regionen. Samarbeidet gir oss eit større fagmiljø, fleire møteplassar og nye moglegheiter for både elevar og lærarar.
Opningskonserten markerer starten på jubileumsåret, og gjennom året vil vi løfte fram både historia, elevane, lærarane og alle dei gode kreftene som har vore med på å forme kulturskulen. Vi er glade for å ha både rektor og kultursjef med når jubileumsåret blir opna. Kom og bli med du og!
Vi ser fram til eit jubileumsår fylt med skaparglede, fellesskap, stoltheit – og mykje musikk!


